- Start
- Skjemaoversikt
- A-ordningen
- Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon
Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05)
Denne tenesten er stengt frå 1.januar 2025.
Skjemaet kan berre brukes til å rette feil i ei a-melding du har levert med dette skjemaet før 1.januar 2025.
Denne tenesten er erstatta av en ny teneste på skatteetaten.no. Du finn den den nye fornekla a-meldinga for velgjerande og allmennyttige organisasjonar på skatteetaten.no/a-melding-velgjerande.
Skjemaet skal berre brukes til å rette feil i ei a-melding du leverte med dette skjemaet før 1.januar 2025.
Skjemaet er for velgjerande og allmennyttige organisasjonar. Les meir om kva ein velgjerande eller allmennyttig organisasjon er i Skatte-ABC.
For å bruke skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:
- Utfyllar/innsendar
- Rekneskapsførar med signeringsrett
- Rekneskapsførar utan signeringsrett
- Rekneskapsførar lønn
- Ansvarleg revisor
- Revisormedarbeidar
Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla
Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg.
Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.
Frist
Skjemaet skal sendast inn seinast fyrste yrkedag etter du betaler ut lønn.
Betaling
Betal forskotstrekket til Skatteetaten med eigen KID same dag som du har sendt inn meldinga.
Samanstilling/årsoppgave
Leverer du forenkla a-melding for ein velgjerande og allmennyttig organisasjon er du friteken frå å levere ein årleg samanstilling/årsoppgave til den ansatte.
- Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil erstatte
- Stadfest at du har valt rett melding
- Fyll inn ei komplett melding med rett informasjon og send inn
MERK: Erstattar du ei melding du har sendt inn, må den nye meldinga vere komplett. Den nye a-meldinga skriv over alle opplysningar som stod i meldinga du erstattar.
Har du oppgitt feil utbetalingsdato eller treng å slette alle opplysningane du har sendt inn, må du annullere den gamle meldinga.
- Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil annullere
- Stadfest at du har valt rett melding
- Fyll inn den same feile utbetalingsdatoen, blankt felt for beløp på lønn og 0,- for forskotstrekk
- Send inn. Meldinga blir då annullert.
- Gå til skatteetaten.no/a-melding-velgjerandefor å levere ei ny a-melding med riktige opplysningar.
Treng du hjelp?
Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2 - 3- 1 eller bruk Kontaktskjema.