Kva er Altinn?
Frå 1. januar 2020 er det Digitaliseringsdirektoratet som koordinerer samarbeidet og forvaltar Altinn-plattforma på vegner av dei samarbeidande etatane - og leier arbeidet med vidareutvikling av plattforma. Frå 2004 og fram til 2019 var det Brønnøysundregistera som forvalta plattforma og samarbeidet.
Altinn er ei veletablert og omfattande plattform med sterk vekst i datavolum, stadig fleire tilknytta offentlege verksemder og aukande tal av digitale tenester. Altinn-løysinga blir også stadig vidareutvikla med forbetringar av eksisterande og ny funksjonalitet. Du kan lese meir om funksjonalitet på nettstaden Altinn/digitalisering.
Bruken av Altinn
Over 4 millionar privatpersonar har ein innboks (inkludert «arkiv») i Altinn gjennom fødselsnummeret sitt. Og over 1 million verksemder er registrerte som brukarar gjennom organisasjonsnummeret sitt. Frå oppstarten i 2003 og fram til desember 2019 passerte over ein halv milliard skjema, dokument og vedtak frå forvaltinga mellom brukarane og det offentlege via Altinn. Dette har ført til innsparingar i milliardklassa for både det offentlege og næringslivet.
Starte og drive bedrift
Altinn inneheld mykje nyttig informasjon for gründarar og små/mellomstore bedrifter under Starte og drive bedrift på Altinn.no. Her finn du også oversikt over statlege støtteordningar til næringslivet. I ei EU-leda evaluering av brukarvenleik og informasjonskvalitet som blei publisert i 2018, scora Starte og drive bedrift-seksjonen i Altinn høgast innan EU/EØS. Det er Brønnøysundregistra som er ansvarleg for innhaldet.
Innovasjon og offentleg-privat samarbeid
Gjennom arbeid i innovasjonsprogrammet Innovation@altinn har Altinn blitt sterkt involvert i det offentleg-private samarbeidet DSOP, Digital Samhandling Offentleg-Privat. I tett samarbeid med Skatteetaten, Brønnøysundregistera, Finans Noreg og BITS AS, blei den prisvinnande løysinga samtykkebasert lånesøknad etablert. Seinare har Kartverket, Nav, Politiet og Eiendom Norge blitt med i DSOP. Dei to løysingane samtykkebasert lånesøknad og digital eigedomshandel har samla eit rekna gevinstpotensial på over 30 milliardar kroner over 10 år.