Digdir logomarkAltinn

Systemtilgang

Ein systemtilgang er ein ny type upersonleg brukar i Altinn som blir oppretta for at eit fagsystem (t.d. rekneskapssystem eller lønnssystem) skal få fullmakt til å løyse oppgåver på vegner av eiga verksemd eller for kundane til verksemda.

Systemtilgang for verksemda di

Med ein vanleg systemtilgang handlar du på vegner av deg sjølv. T.d. om du eig ei lita verksemd og fører rekneskapen din sjølv i Fiken. Då kan du opprette systemtilgang som ein del av Fiken sin flyt, eller du kan gå inn på altinn.no og opprette han sjølv ved å trykke på “Lag ny systemtilgang”.

Systemtilgang for kundane dine

Er du rekneskapsførar eller revisor kan du opprette systemtilgang som kan tildelast fullmakter for kundane dine. Då vil systemet kunne sende inn og hente ut data på vegner av kundane. Denne systemtilgangen kan berre opprettast via ein flyt i det fagsystemet du vil bruke. Når du har oppretta han, går du til altinn.no for å legge til kundane som er relevante for den systemtilgangen.