- Start
- Hjelp
- Innlogging
- Utgåande innloggingsmetodar
Utgåande innloggingsmetodar
Her finn du informasjon om utgåaende innloggingsmetodar: Altinn kodebrev, sms-kode, passord og verksemdsertifikat på altinn.no.
Frå 23. november 2023 vert knappen "Gå videre til fleire innloggingsmetodar" erstatta med knappen "Logg inn utan fødselsnummer/D-nummer." Denne ligg under fanen "International" når du vel innloggingsmetode gjennom ID-porten.
Innlogging med Altinn kodebrev, SMS-kode eller berre passord, samt verksemdssertifikat, vil etter kvart bli fasa ut. Vi anbefalar at du brukar MinID eller ein annan innloggingsmetode via ID-porten.
Dersom du ikkje har moglegheit til dette, kan du framleis finne innloggingsalternativ med Altinn kodebrev, SMS-kode eller passord her og Verksemdsertifikat her inntil vidare.
Denne endringa i innlogging gjeld berre for altinn.no og påverkar ikkje maskin-til-maskin-kommunikasjon (rekneskap- og lønssystem). Det vil framleis vere mogleg å autentisere seg med verksemdssertifikat i desse systema. Det vil også vere mogleg å logge inn på rekneskap- og lønssystem med Altinn kodebrev og SMS-kode fram til dei gradvis vert fasa ut.
For å nytte dette innloggingsvalet må du bestill nytt kodebrev frå Altinn. Når nytt kodebrev blir teke i bruk, blir eventuelle gamle kodebrev ugyldige.
Eingongskodebrev frå Altinn har 30 kodar og kan ikkje brukast ved innlogging gjennom MinID (eige kodebrev med 20 PIN kodar).
For å nytte dette innloggingsvalet må du fyrst logge inn via ein annen innloggingsmetode og registrere passord og mobilnummer under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Denne innloggingsmetoden blir også brukt av dei som loggar inn via eit datasystem.
For å nytte dette innloggingsvalet må du registrere passord under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon . Denne innloggingsmetoden gir berre tilgang til nokre få tenester i Altinn.
Trinn 1. Installer verksemdssertifikatet på datamaskina di
Korleis dette gjerast, kan leverandør av sertifikatet vere til hjelp med (Commfides eller Buypass). Innlogging med verksemdssertifikat kan berre nyttast på maskineining som har fått sertifikatet installert.
Trinn 2. Opprett ein virksemdsbrukar i Altinn.no
Kan vert gjort ved innlogging eller under Profil.
Vel Logg inn → Gå vidare til fleire innloggingsmetodar → Innlogging med verksemdssertifikat → Vel sertifikat og Lag ny brukar.
Personar med rolla Tilgangsstyring på verksemda vil kunne registrere og administrere brukarar med verksemdssertifikat frå menyen Profil → Avanserte innstillingar.
For å registrera ny brukar må du først laste opp eit sertifikat. Du treng då ei cer-fil. Har du ikkje fått den frå din sertifikatleverandør, kan du lage den sjølv ved å eksportere sertifikatet frå nettlesarinnstillingane (sertifikatet må då være installert på PCen).
- I Google Chrome gjer du dette i Innstillingar → Personvern og sikkerheit → Sikkerheit → Administrer sertifikat.
- I Microsoft Edge gjer du dette i Personvern, søk og tenester → Sikkerheit → Administrer sertifikat.
Vel sertifikatet og knappen eksporter. Bruk standarvala til du kjem til filnamn og lagre ein stad der du finn igjen fila.
Trinn 3. Verksemdsbrukar får delegert roller
Når verksemdbrukaren er oppretta, kan dagleg leiar/styreleiar eller annan person med delegeringsrett for verksemda, delegera roller og rettar til verksemdsbrukar(ane).
Rollar vert delegert til brukernamn frå menyen Profil → Andre med rettar til verksemda.