Digdir logomarkAltinn

Diverse om innlogging

Her finn du ulike problemstillingar som kan dukke opp når det gjeld alternativ innlogging i Altinn.

Eg mottek ikkje kode på SMS

Forsøk å slå av og på mobiltelefonen din. Har du tvillingsimkort mottek du kode på hovudkortet. Logg inn med ein annan innloggingsmetode og sjekk om det er registrert riktig mobilnummer i Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.

Gløymt passord?

Logg inn ved hjelp av ein annan innloggingsmetode og oppdater passordet ditt under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.

Kodebrevet mitt fungerer ikkje

Engangskodebrevet frå Altinn inneheld 30 kodar, dei kan vere oppbrukte og du må bestilla nytt kodebrev. Inneheld brevet 20 kodar må du nytta innloggingsvalet MinID til ID-porten.

Denne Altinn-brukaren er låst

Har du tasta feil fødselsnummer/brukarnamn, passord eller kode ti gonger blir du sperra for innlogging i 1 time. Innloggingsmetodene som tilhøyrer ID-porten blir ikkje påverka av dette. Du kan for eksempel logge inn med MinID eller BankID istede.

Sperre innlogging

Innloggingsinformasjon som har kome på avveg kan gjere det mogleg for uvedkomande å logge seg inn med brukaren din på Altinn. For å unngå dette kan du deaktivere kodebrev frå Altinn og eventuelt passord.

Innloggingsmetodane frå ID-porten (MinID, BankID osb.) vert ikkje rørt av dette, men kan sperrast via sperretenesta hos ID-porten.

Vel Logg inn → Gå vidare til fleire innloggingsmetoder og du kan velje Deaktiver engangskode/passord.

  • Ved å deaktivere eingongskodar (Altinn kodebrev) vil ikkje kodebrevet fungere ved innlogging, og du må bestille nytt kodebrev for å kunne nytte denne innloggingsmetoden.
  • Ved å deaktivere passord (SMS-kode og/eller Berre Passord) kan du ikkje nytte passord ved innlogging. Ved å logge inn med ein annan innloggingsmetode kan du opprette nytt passord under ProfilAvanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Korleis kan eg logga inn som eit føretak eller eit selskap?

Du loggar deg inn som privatperson i Altinn. Viss du har tilgang på nokon andre enn deg sjølv, kan du etter innlogging velja kven du skal representera.

For å representera eit organisasjonsnummer i Altinn må du anten registrerast med ei ekstern rolle i Einingsregisteret, som til dømes innehavar, dagleg leiar eller leiaren i styret, eller du må få delegert ei rolle på vegne av organisasjonsnummeret i Altinn.

Sikkerheitsnivå

Innloggingsmetoden du vel har mykje å seie for kva sikkerheitsnivå du har i Altinn. Det er forskjellige krav til sikkerheitsnivå på dei ulike skjema og tenestene i Altinn.

Om du har for lågt sikkerheitsnivå når du freistar å ta i bruk ei teneste, vil du få melding om å logge inn på nytt og velje ein innloggingsmetode med høgare sikkerheitsgrad.

Sikkerheitsnivå 4 - Innlogging med BankID, Buypass smartkort, Commfides og BankID på mobil

Loggar du inn med Commfides, BankID, BankID på mobil eller Buypass smartkort får du tilgang på det høgaste sikkerheitsnivået i Altinn. Dette sikkerheitsnivået er nødvendig blant anna for å signere kontonummerendring for refusjonar frå NAV og sende inn melding frå bustyrar.

Sikkerheitsnivå 3 - Innlogging med MinID (via ID-porten)

Vel du å logge inn med PIN-kodar frå MinID, får du tilgang til det nest høgaste sikkerheitsnivå i Altinn, og du vil få tilgang til dei fleste tenestene.

Sikkerheitsnivå 2 - Innlogging med Altinn kodebrev/SMS-kode

Med eingongskode frå Altinn kan du logge inn på sikkerheitsnivå 2. Du får tilgang til ei rekkje tenester.

Sikkerheitsnivå 1 - Innlogging med berre passord

Om du loggar inn med berre passord, får du tilgang til eit avgrensa tal tenester i Altinn. Du får ikkje tilgang til å endre mobiltelefonnummer i profilen med denne sikkerheitsgraden.

Sikkerheitsnivå 0 - Innlogging utan fødselsnummer/D-nummer

Om du ikkje har fødselsnummer eller D-nummer, kan du logge inn med brukarnamn og passord som du sjølv har registrert. Det gir tilgang på sikkerheitsnivå 0 i Altinn og berre eit fåtal tenester er tilgjengelege.