Digdir logomarkAltinn

Sletta

I sletta ligg meldingar du har valt å sletta frå innboks eller arkiv. Desse meldingane kan du anten sletta permanent eller angre slettinga.

Angre sletting?

Opn meldinga og trykk på Angre sletting.

Slette meldingar permanent

Meldingar i sletta kan man velgja å slette permanent. For verksemdar må ein ha rolla Tilgangsstyring. Når eit skjema eller ei melding er permanent sletta vil det ikkje vera mogleg å angre sletting.

Skjemaet eg har sletta ligg ikkje i sletta

Det kan vera tre årsakar til at du ikkje finn et skjema i sletta:

  • Det er meir enn 2 veker sidan skjemaet vart sletta, noko som gjer at det slettast automatisk av Altinn.
  • Nokon har valt å permanent slette skjemaet.
  • Skjema hadde status til utfylling før det vart sletta.